Skulebesøk
Svein Ivar har besøkt fleire skular, både lokalt og regionalt. Han er svært interessert i at fleire unge skal verta kjende med ei treningsform som på mange måter skiller seg frå det som er vanleg i norske skular og idrettslag.
Aktivitetsdagar på gymnaset
Saman med Ivar Vatne frå Voss Taijiquan Lag / Yiquan Voss presenterte Svein Ivar asiatisk kampkunst som treningsform på Voss gymnas fredag 18. januar. Interessa var stor, med 80 elevar fordelt på to grupper. Endå var det 25 påmelde det ikkje vart plass til.

Svein Ivar starta opplegget på gymnaset med ei oppvisning i yoga og qigong som elevane neppe vil gløyma. Den store aha-opplevinga kom då dei sjølve skulle prøva, og avstanden frå det vanlege til det moglege blei overveldande tydeleg.

På eit gymnas med idrettslinje finnst det elevar med treningsbakgrunn også i yoga og kampkunst. Dette vart imponerande synleg då øvingar som denne avslutninga av ein yoga-sekvens skulle prøvast.

Fire år i Korea gjev nok likevel eit forsprang på dei fleste, sjølv om Svein Ivar held fast ved at det ikkje finnst endelege resultat i ei treningform som er meint å vera livslang. Ein er så god som ein er, og ein kan alltid verta betre.
sist oppdatert 10. april 2008
|